«Unplugged»: Kreativ gjenbruk av listetopper

3 mars 2018

Dei to siste vekene har me hatt eit prosjekt på Singer/Songwriter og Musikk Band, der elevane har blitt plassert i grupper på tre og tre. Trioane har fått tildelt kvar sin song, som er å finne på listetoppane for tida. Utfordringa var å arrangere songane til å bli «komplette» låtar i dei små besetningane. Og denne utfordringa kasta elevane seg over med stor iver – og oppnådde fantastiske resultat!

Bruno Mars sin «That’s What I Like» blei til ein seig tango. Sigrids «Strangers» blei til ei nydeleg ballade med akkustisk gitar, bass og vokal. Dagnys «Love You Like That» blei til ein instrumental, med cello, piano og gitar. Songar, som ein berre har høyrt som store studioproduksjonar, blei gjennomsiktige og nakne. Resultata blei presentert for eit lydhørt publikum på huskonsert, og responsen var upåklageleg!

No ventar turné om to veker, og rett etter påske skal me ha vår store vårkonsert.

Til slutt ei gladmelding til interesserte: Me har framleis nokre ledige plassar på både Singer/Songwriter og Musikk for skuleåret 2018/19!

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts