Til seters med Naturlinja

3 september 2018

Etter 2 dagar på skolen drog Naturlinja til fjells. Ikkje for å feite seg opp, men for å oppleve og ta del i livet på setra Kråkeroi. Her var det 14 kyr å passe på, mjølke, lage ost og smør, stelle 12 kalvar, nokre grisar og ikkje minst få fine rideturar med hestane på setra. Tett ved setra er det 2 fine fiskevatn med knallfin aure og mykje fisk vart det.

Det vart 3 flotte dagar i eit fantastisk fint fjellområde saman med familien Aasan (3 generasjonar) frå Flatdal.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts