Singer/Songwriter: Konsertdebut på Telesenteret

11 september 2018

På repertoaret var det sjølvarrangerte, og alle elevane var med. Ekstra hyggeleg var det dessutan at mange elevar frå andre linjer møtte opp for å høyre på – saman med mange lokale, som var ute for å handle inn til helga. Dette er den fyrste av mange konsertar Singer/Songwriter skal gjere i løpet av skuleåret, og det var ein knallstart! No står skriving, øving og førebuing til linjetur på timeplanen framover.
Inntektene for underhaldninga på Telesenteret går til Seljord Folkehøgskule sitt solidaritetsprosjekt i India og Nepal.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts