Seljord Folkehøgskule søkjer kjøkkensjef/kokk

22 mai 2021

Bli den beste versjonen av deg selv!

80 – 100 % fast stilling – Tilsetting 1.september 2021

Seljord Folkehøgskule ligg i hjartet av Telemark og har eit mangfaldig tilbod med seks linjer som spenner over friluftslivsfag, estetiske fag og musiske fag. Skulen har i dag 18 tilsette og 93 elevplassar med ein snittalder på 19 år.  

Seljord Folkehøgskule ønskjer å stå for ein sunn og berekraftig matkultur med bruk av ferske råvarer. Elevane skal ha fire måltid pr. dag gjennom skuleåret. Ei spennande utfordring for den rette person som likar å omgåast ungdom og å jobbe innanfor eit unikt skuleslag. Stillinga krev høg arbeidskapasitet og arbeidsinnsats for å ivareta ein særs god matkvalitet, godt arbeidsmiljø og sunn drift. I tillegg til utøvande kokkekunst inneber stillinga administrasjon og leiing. Reinhald ligg også innanfor kjøkkensjefens administrative ansvarsområde.

Ansvars- og arbeidsområder

  • Dagleg drift og oppfølging av kjøkkenet. 
  • Lage mat i samarbeid med kjøkkenpersonalet
  • Varebestilling og lagerkontroll 
  • Økonomisk oversyn – kalkyle, faktura og kostnadskontroll 
  • Tett samarbeid med rektor
  • Menyutvikling – samarbeid med kjøkkenpersonalet og elevane
  • Oppfølging av serviceavtaler
  • Ansvarleg for vaktlister og bruk av ressursar på kjøkkenet 
  • Oppfølging av IK-mat (HACCP)
  • Reinhald 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk eller tilsvarande erfaring
  • Gode kommunikasjons- og leiingseigenskapar
  • Løysingsorientert, sjølvstendig, engasjert og entusiastisk
  • Godt lag med ungdom
  • Erfaring frå personalleiing 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. 

Løn og arbeidsvilkår etter avtale og kvalifikasjonar, og i tråd med skulens tariffavtalar. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

For spørsmål og eventuelt meir utfyllande informasjon, ta kontakt med rektor Kolbjørn Birkrem på tlf. 91365151 (mob) – 35058050 (kontor).

Søknadsbrev med CV sendast elektronisk til kontor@seljord.fhs.no innan 10.juni 2021

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts