Seljord Folkehøgskule demonstrerte mot budsjettkutt

18 oktober 2017

Seljord Folkehøgskule har vore på demonstrasjon i Oslo mot regjeringa sitt forslag til kutt i støtte til folkehøgskulane. Mange elevar har engasjert seg med innlegg og personlege historiar på Facebook. Det var stor stemning og kampvilje utanfor Stortinget, med diverse innlegg og appellar. Og skal vi tru på innlegga til opposisjonspolitikarane så vil det ikkje bli noko av regjeringa sine kuttforslag. ? ?

Seljordselevane deltok med ulike plakater: «nei til kutt», «folkehøgskule har verdi», «dra meg baklengs inn i statskassa», i tillegg tiltilrop og fellesdans. Etter at sjølve programmet var over, fann Musikkreise-elevane fram instrumenta sine og hadde sin eigen minikonsert for dei oppmøtte. ?

Fleire medier var på plass, blant anna NRK og Vest-Telemark Blad.
Super gjeng på tur!

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts