Seljord Folkehøgskule: 50 år – «empati og likeverd for nye mennesker i livet!»

15 desember 2021

Bli den beste versjonen av deg selv!
Logo Seljord Fhs 50 år

Seljord Folkehøgskule har blitt feira. Det er 50 år siden oppstarten i 1971. Mange tidligere elever og ansatte tok turen til Seljord for å feire jubilanten. Først på programmet var lanseringen av Svein O Aadlands bok om skolen. Rektor Kristine Rønning, tidligere kollega Mette Aanderaa og Aadland selv holdt fine taler i den anledning.

Forsiden til boka «Seljord Folkehøgskule 1971-2021 av Svein O. Aadland.

Etter lanseringen ble det avviklet en fin jubileumskonsert i Granvin kulturhus. Årets elever med Musikk/Backpacker, Musikal-linja og storkoret var sentrale i konserten, men også tidligere elever som Jørgen Dahl Mo, Håkon Bjerke, Malene Stadaas, Mads Berntzen og Sanne Widlund bidro. Et husband bestående av Oddbjørn Aase, Helge Wahl Flatland, Stig Sjøstrøm og Vidar Ytre-Arne sørget for profesjonelt nivå på mange av innslagene. Lærerne Kjetil Flatland, Marit Lien Homme og Roar A. Bøye trakk i en del tråder for å få arrangementet til å henge sammen. Det ble en flott og verdig musikalsk markering der elever og Kjetil Flatand sørget for gode verbale overganger.

Her er video av konserten:
https://vimeo.com/655696443/c0ef3133b9

Festmiddag og taler
Oppe på skolen fortsatte feiringen med utsøkt mat og taler. Tidligere rektor Lars Bjaadal var kjøgemeister og flere tok ordet ved talerstolen. En av disse var tidligere lærer og kollega Vidar Ytre-Arne. Han fokuserte på mangfold, likeverd og sider ved skolens egenart. Her gjengis hele tala:

Tale ved Seljord folkehøgskule 50 år 4.desember 2021
Utan empati og likeverd går det ikkje.

Empati oppstår når menneska viser at eit samfunn består av likeverd, at vi er individer med like muligheiter uavhengig av…, kva då, fyll inn sjøl!   Eg syns at det i vår tid kjennest rart at ein må fylle inn begrep som kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, seksuell legning, religion. Er det ikkje  nok å sei at vi er individer med lik eigenverdi? Punktum. Ting tyder på at det ikkje er nok, heller ikkje i vårt demokratiske opplyste land.  Kvifor startar eg med dette i ein tale på 50 år-jubileum Seljord Folkehøgskule? Fordi eg veit at på  Seljord Folkehøgskule har likeverdet ein stor plass, så opplagt at vi ikkje snakkar om det. Utan empati, innleving, omsorg, går det ikkje. Her er muligheiter, ikkje konkurranse. Når det faglige, sosiale du har med deg i bagasjen får plass i kvardag og fest uavhengig av poengmåling, fagleg kompetanse eller kulturell bakgrunn, då nærmer vi oss noko av innhaldet som eit år på Seljord Folkehøgskule kan være. Seljord Folkehøgskule er antakeleg så langt fra Margaret Thatcher sin visjon om at «There is no such thing as society» som det er muleg å kome – er det noko eit skoleår her er så er det eit samfunn, fellesskap, eit mylder av menneske som kjenner og veit at dei høyrer i hop. 

Forståelse for mangfaldets verdi. 

Vi ser det igjen og igjen, når ungdomar får være i lag, skape i lag, leike i lag, bu i lag, løyse kvardagen i lag, då oppstår toleranse for at du er den du er. Eg seier ikkje at det ikkje finns motgang i idyllen, men igjen og igjen har eg opplevd dette som DEN STORE GLEDA, å sjå inkluderinga som elevar oppretter. 

Men ikkje noko av dette kjem heilt av seg sjølv, det er nokre som styrer, som er modellar, som tenker ut ordningar, som er varme, som vil at du skal finne fotfeste – og difor vil eg på ein dag som i dag sjølvsagt hylle dei tilsette. Fordi honnørord som flagrar i slike stunder har ein årsak, har ei praktisk gjennomføring, har ein vilje, i den barske og gjevande kvardagen for oss som driv verket. Ta berre begrepet «å bli sett». Det er antakeleg det viktigaste innhaldet gjennom 50 år, at elevar kjem hit og blir sett, av dei tilsette og av kvarandre.

50 år, 50 år med Du ska få ein dag i mårå og Tirna Noir!  (Tirna Noir litt kortare, men det er ikkje poenget). Ein blir varm om hjarterøtene bare ved å nevne det, 50 år med Prøysen, Kolbein Falkeid, Vamp, Jan Eggum og No.4, desse berre nevnt som representantar for den særeigne skikken å synge norske og utanlandske skattar saman klokka halv ni på morgonen! Tenk bare det, kor mange arbeidsplassar er det som startar dagen med å synge Prøysen! 

Dagen i dag er ved seremoniell å skrape bittelitt i overflata, men det er kvardagar i 50 år som er sjølve livet, og festen.

Så kunne ein tenke at eg skal ha festtale og snakke om lukka og det meiningsfulle ved 50 års folkehøgskule. Ja det vil eg, men for å gjere det må eg lansere nokre dilemma eller paradoks, tvisyn i positiv forstand, som eg kjenner etter 29 år som tilsett her. Og nettopp det som kan være vanskeleg, som ikkje har fasitsvar, som ikkje har enkle løysingar er det eg føler for å feire idag. Fordi det for meg personleg er det som ikkje har to strekar under svaret som framstår som kjerneverdiar i skulen si verksemd.

Dette er vårt dilemma, paradoks: 

Å måtta verdsette på ein skala det vi ikkje vil måle! Alle vi som har hatt vår arbeidsplass i folkehøgskulen kjenner dette : Nokon ber deg om å måle, rangere noko som ikkje let seg fange i ein graf eller poengskala. Men for oss i folkehøgskulen er nettopp det at vi driv umålbare aktivitetar sjølve kjerna og gleda og meininga! Våre politikarar er glade i å måle effektivitet og læringsutbytte. Kan Mathilde Tybring Gjedde, eller Ola Borten Moe for den saks skyld, gi poeng til det som skjer når ein klassisk fløytist frå Estland spelar ein norsk halling saman med ein rockegitarist frå Namsos?  Er det 5, eller 5,5, eller 3 på skalaen?  Kva er sterkare eller svakare enn 19-åringen som gjennom skulegangen tidlegare så langt har vært mobba kontinuerleg, som på høgskulefesten i Seljord i november kan vise foreldra at han er ein del av Viking-gjengen, og har laga sin eigen kniv med slire? Kva poeng skal vi gi til ein gut som i august ikkje veit korleis ei vaskemaskin fungerar og ikkje har tatt i ein kjøkkenklut heile sitt liv, men som i februar set si ære i å vise tilsynslærar kor strøkent kjøkkenet ser ut når akkurat han har hatt kjøkkenteneste. Kva skal vi gje for poengsum til dette, slik at vi er verdt noko i produktivitetssamfunnet? Eller det homofile paret som opplever tryggheit og aksept, og som opplever at det ikkje er seksuell legning som definerer deg, men kanskje heller det at du er bra på å lage nye klede av gamalt stoff, eller at du er ein god ven når nokon på huset ditt har det tungt – kva karakter gir vi det? 

Det er mange ungdommar som i mai går rakrygga ut av tunet og veit med seg sjølv: Nå veit eg noko meir om livet. Nå veit eg at eg kan mestre å være i lag med folk eg ikkje har valt sjøl, bondedattera frå Hallingdal har funne ut at advokatdattera frå Sandvika  tenker det samme som ho sjølv – om grundighet, om vennskap, om rettferdighet, om gutar, om Greta Thunberg. 

50 år – ungdomar som sist august kom med bankande hjarte inn i tunet, er på mange måtar dei same som for 50 år sidan. Det er lett å tru at teknologi og informasjonssamfunn endrer oss, og ja, til ein viss grad er verda endra på mange område, men eg vil sitere Sigrid Undset: «Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider og menneskenes tro forandres og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.». Eg likar å tenke på – at menneskenes hjerter forandres ikkje. Og kanskje er det fint å tenke på når ein driv Musikk- Backpacker, Musikal – Broadway, Paragliding – Ekstremsport, Slow Fashion – menneskenes hjerter forandres ikkje. Og at folkehøgskulen er ein arena for hjerter som møtest, og gode samtalar og dyrking av det som akkurat duhar i deg. Og eg trur, uavhengig av anglifisering og såkalla moderne tilbud eller ikkje, at dei som vel å ha sitt virke på Seljord Folkehøgskule tar vare på hjertene og likeverdet. På FUS-kurs for nye lærarar i august 1991 var nestoren og tidl. rektor her, Olav Akerlie, tilstades, og rundt tematikken «Kva er ein god folkehøgskulelærar ?» hadde Akerlie éin ting å sei: «Om du merkar at du begynner å bli kynisk skal du slutte». Og slik er det for oss, det går ikkje å være egoistisk eller følelseskald i samarbeid med menneske på veg ut i livet. Det er fint å bryne seg litt på f.eks. Grundtvig eller Olav Akerlie innimellom. Det er ikkje for ingenting at dei tenkte og diskuterte og skreiv,  riktignok i ei anna tid, men det er fint å oppsøke det. Du treng ikkje skjøne alt – det er som med poesi, musikk, kunst. Du må ikkje forstå alt for å bli løfta litt, for å få litt assosiasjonar ut over deg sjøl, kjenne livsglede over Beethoven eller bli ettertenksom etter ein ballett av Jo Strømgren. Det same med dei gamle tenkarane frå den tida folkehøgskulen blei til, kanskje det nettopp i ei informasjonstid med heile verda i lomma er opplysande og meiningsfullt å gå inn i tankane til desse gamle. Det finns nok av artiklar og bøker der Grundtvig er gjort tilgjengeleg i nyare tid.

Nytt dilemma, paradoks, kanskje…?:  

Vi vil gjerne ha bevisste elevar, som seier nei til rus, nei til mobbing, som tenker samhold og fellesskap, som tenker sjøl, som gjerne står opp mot forbrukersamfunnet, som er bevisst i miljøspørsmål – då er vi glade for at her er rom for meiningsbryting,  og vi lukkast! Men likar vi det like godt når elevar seier frå om at det er for lite grønt i maten, det er for strenge fråversreglar her på skolen, for kjedelige Her og nå-timar, lærarane er for lite tilstades utanom det heilt nødvendige, når dei meiner bortvising eller utvising er på feil grunnlag, opplever vi det som suksess når elevar er bevisste også på dette? Eg berre spør, og eg likar å spørre. Vil vi ha tenkande og bevisste elevar må vi tåle motbør sjølve også. For meg har det alltid vært ein kjerneverdi at Seljord Folkehøgskule er ein stad for meininger, uttrykk som kanskje ikkje er like spiselege for alle. Eg likte Lars Bjaadal sitt utsagn ein gang i tida, om morgonsamlingar som Speakers Corner. Og då er det ikkje sikkert at alt treff alle like godt, og det er  i alle fall ikkje nødvendigvis slik at dinosaurar på over 35 år som jobbar her på skulen syns alt som elevar bringer til torgs er like artig, men slik bør det være, eller? Og då meiner eg sjølvsagt ikkje at alt skal møtast med aksept og utan motbør,  men vi må av og til tole andre meiningar enn eigne om vi meiner noko med å villa ha bevisste elevar.  Eg trur nemleg at vi ikkje kjem nokon veg om ikkje vi aksepterer det uforutsigbare av og til, og at nokon pirker borti vår eiga fortreffeligheit.

Eg vil slutte dette innlegget med å takke for det flotte arrangementet i dag, all ære til staben, tilsette og elevar ved skulen! Eg vil sitere Knut Buen då eg for mange år sidan hadde elevar med meg til han i Tuddal og gav han frie tøyler,  og Knut Buen køyrde eit soloshow og spelte og fortalte i 2 heile timar, elevane satt storøygde og forundra og relativt begeistra over den omfangsrike og entusiastiske spelemannen og filosofen, og då det heile var over så sa Knut : «Dette var ei himmelsk stund!» Det betydde at han hadde hatt eit fint publikum av ei mangfaldig gruppe med folkehøgskule-elevar.

Så håper eg at Seljord Folkehøgskule held fram med å stole på seg sjølv, at vi er eit alternativ, supplement i skolelandskapet, ikkje ein forskole til fag, ikkje fornøyelsesprodusentar – men først og fremst er eit samfunn med levande vekselvirkning, empati og likeverd for nye mennesker i livet!

Gratulerer alle med jubiléet!

Vidar Ytre-Arne

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts