Elevane ved Seljord folkehøgskule viste eit imponerande engasjement på Dyrsku’n. Dei la ned eit stort arbeid ved å m.a. stå som parkeringsvakter, steike burgarar, fylle opp dopapir, og selje lodd i solidaritetsboden. Alle pengane som kom inn, gjeng rett til å bidra til eit solidaritetsprosjekt i Nepal, der skulen samarbeider med Forut og CWIN (Child Workers in Nepal).
Solidaritetsprosjektet har vore ein viktig del av skulen i mange år. Det handlar om å hjelpa ungar i Nepal som er utsette for vald, utnytting og fattigdom. Midlane går til Balika Peace Home, ein transittheim utanfor Katmandu. Her gir CWIN tryggleik og omsorg til unge jenter som treng ein stad å bu. Prosjektet gir elevane moglegheit til å vera med på noko større, og det hjelper dei å sjå korleis dei kan gjere ein forskjell for folk som verkeleg treng det.
I 2016 vart me heidra med Barn av Jorden-prisen for dette arbeidet, og prispengane vart brukt til å kjøpa ein bil til transittheimen.
Elevane sin innsats på Dyrsku’n viser korleis dei, gjennom hardt arbeid, kan vera med på å betra kvardagen til andre. Me er skikkeleg stolte av det dei har fått til, og me takkar alle som har støtta prosjektet.
Dette arbeidet viser ikkje berre kor viktig solidaritet er, men også korleis elevane ved Seljord folkehøgskule lærer å ta ansvar for andre rundt seg. Engasjementet deira har ein positiv innverknad på mange ungar i Nepal, som no får ei betre framtid.Samla inn pengar til solidaritetsprosjekt i Nepal
Comments