Ei god reise inneheld ikkje berre opplevingar og ting å krysse av på bucketlista. Ho går også inn i oss som menneske, med nye erfaringar og refleksjonar, og gjev oss perspektiv som me kan ta med oss i vår identitet.
I drøye to veker har eg vore på reise i Brasil saman med elevane på Rhythms of the world. Karnevalet i Rio de Janeiro – «the greatest party on Earth» – kva er eigentleg det?
Varmt og heftig kan ein i alle fall raskt slå fast at det er. Ein tilsynelatande evigvarande fest, der ei blanding av 17.mai, russefeiring og Pride kanskje er det nærmaste me kjem heime i Noreg. Men her er alle med – unge og gamle, fattige og rike. Det er fest over alt. Plutseleg hamnar ein midt i ein «bloco», eller eit «street carnival». Tusenvis av utkledde (i meir eller mindre grad) folk strålar av glede, dansar og syng inntil sambarytmene. Opptoget bevegar seg gjennom gatene med stort ståhei. Slik er det over heile byen. Døgnet rundt – fleire veker i strekk.
Karnevalet opplevast som ei feiring av livet. Vel vitande om at dei fleste deltakarane ikkje har all verda av materiell rikdom, synest ikkje det å legge nemneverdig dempar på festen. Snarare tvert i mot.
Det er alltid spanande å reise til nye stader, og Rio de Janeiro var nytt for min del. Det er alltid ein ambisjon å lage reiser, som elevane ikkje kunne planlagt sjølve. Utover erfaring og målsetjingar er lokale kontakter det viktigaste for å få det til. Via venner heime i Noreg fekk eg kontakt med nokre fantastiske damer i Brasil. Damer med nettverk og stålkontroll, som har ordna og styra for oss, satt oss i kontakt med dei rette folka og ordna heilt usannsynlege ting for oss. Men framfor alt har dei vist seg som menneske med enormt hjarterom og omsorg – for oss og alle rundt seg. På dag éin blei me invitert på middag heime hjå Elnora. Ho og familien opna opp heimen for ein gjeng framande nordmenn, stelte i stand ein fantastisk brasiliansk fiskemiddag, og fekk oss til å føle oss heime. Både elevane og eg er einige om at me har noko å lære.
På dag to hadde systera til Elnora, Elsie, klart å få oss inn på den siste øvinga til ein av dei største sambaskulane, før dei skulle delta i hovudparaden i Sambadrome. Det er visst ikkje mogeleg å få billettar til noko slikt. Men der var me, altså. Me drog kvinne- og mannsterke, og såg tusenvis av sambaskuledeltakarar bevege seg rundt og rundt. Noko skjøna me – men langt frå alt. M.a. korleis dette skulle resultere i paradenummeret, med kostyme og store køyrande figurar. Men det var nok ein plan for det, for Bejia Flor, som skulen heiter, endte opp med å vinne heile karnevalet 2025! (Eg vil anbefale alle å sjekke det på YouTube!)
Vidare gjekk dagane med besøk til den ikoniske Kristusstatuen, som tronar over byen, taugbane til Sukkeroppen og bading på ikoniske Ipanema og Copacabana beach. Men me er heilt samstemte om at ei strand ca ein times køyretur ut av byen var best.
I gatekarnevala er det ulike musikkgrupper som spelar. Me var på trommekurs hjå ei av dei. Me var visst eksepsjonelt raske til å lære grooven, men var til gjengjeld nokså elendige på dansetrinna. Tida flaug, og trass blåmerke på beina etter trommene var det ei artig og lærerik erfaring.
Ei av hovudoverskriftene for reisa var sjølve karnevalparaden i Sambadrome – ei 700 meter lang paradegate med plass til kring 90 000 tilskodarar. I løpet av fire kveldar/netter opptrer sambaskulane med numra sine. Sjølv om paraden framstår med glitter og glamour, består sambaskulane av tusenvis av folk frå ulike lokalsamfunn – dei fleste er fattige. Det heile er ei konkurranse, som blir dømt etter ulike kriterie, som kostyme, historieformidling, varighet (heile opptoget skal ta 70-80 minuttar pr skule, og dei får straffepoeng om det er for kort eller for langt) og publikums respons. Me var der på fjerde og siste dag, og våre kontakter hadde skaffa billettar på fremste rad. Heile gata er delt opp i seksjonar, og me satt rett ovanfor dommarane – rett og slett blant dei beste plassane i heile paraden. Det var fargesprakande kostyme, heftige «traller» av ulike figurar, «batteri» med hundrevis av trommeslagarar og spektakulære danseframsyningar. Natta var over på eit blunk, og med stjerner i augene drog me ut i folkehavet og tilbake til leiligheita. Dette gløymer me aldri. For ei oppleving!
Etter to heftige veker i RIo, med små og store opplevingar på rad og rekke, brukte me dei siste dagane av reisa vår i Teresopolis – ein «liten» by ca to timar å køyre ut av Rio. Frå hektisk storbyliv med liv og leven bokstaveleg talt døgnet rundt, gjorde det godt for nokre litt meir avdempa nordbuarar å roe ned i omgjevnader, som på nokre måtar kunne minne litt meir om heimlege trakter. Men på andre måtar ikkje.
Det er kun 14% igjen av den Atlantiske regnskogen, og Teresoplois ligg i dette området. Elnora satt oss i kontakt med Vitor, som kjenner skogen som si eiga bukselomme. Me var på skogtur i storslått natur. Dei høgaste fjella i området var på drøye 2000 meter, og i skogen yrer det av fugl og anna. Me var heldige å kome tett på ein flokk apar midt i lunsjen deira, og me bada i elver. Teresopolis var verkeleg verdt eit besøk.
Elnoras son, Adrian, har nyleg opna restaurant i byen, som me sjølvsagt besøkte. Det var ei stor matoppleving. På veg ut såg me eit skilt, der det står at Adrian er sertifisert trestjerners Micheleng-kokk, og det har me ingen problemer med å forstå.
Etter Teresopolis drog me tilbake til Rio for ei siste natt, før avreise til Noreg. Der blei me møtt av eit gatekarneval, «bloco», i gata vår. Då me måtte tvihalde på sekkane våre medan me brøyta oss veg fram til leiligheita, kjente nok fleirtalet av oss på at nok var nok, og at det skulle bli godt å sette kursen nordover. Og slik skal også ei god reise vere – det er godt å dra heim.
Det knytter seg mange dilemma til å reise så langt, ikkje minst når det gjeld klima. Desse diskusjonane skal me ikkje legge bort. Men det er bra at ungdomar får oppleve verda; møte folk og sjå korleis dei lever, kjenne livet på kroppen og få eit innblikk i andre kulturar. I skrivande stund sit eg på flyet heim med ei gruppe slitne og glade folkehøgskuleelvar, som har opplevd, erfart og lært mykje om ein heilt annan kultur. Me kjem heim til ein kvardag, der mykje av fokuset rettar seg mot opprusting, uro og uforutsigbarheit. Mange unge kjenner på usikkerheit for framtida. Me skal ikkje lukke augene for det som skjer, men me kan ta med oss inspirasjon og motivasjon for å feire livet! Kanskje det kan bidra til å lyse opp i alt det mørke?
Avslutningsvis høver det seg med ein stor takk til dei elevane, som møter verda med stor interesse, undring og omsorg for kvarandre. Ein fenomenal gjeng å reise på tur med!
Kjetil
Musikklærar på Seljord Folkehøgskule
Comments