Natur – tur og mat!

Naturlinja har hatt ein særs aktiv høst med mykje turar, fokus på husdyr, økologisk dyrking av grønsaker og anna godt frå hagen. Likeeins har vi høsta av naturen sitt spiskammer med blant anna jakt og fiske.

Natur er ei ny linje dette skuleåret, og linjelærar Kolbjørn fortel om aktivitetar denne hausten:

Eventyr på setra

Det heile starta med eit fantastisk opphald på ei seter i 3 dagar. Her var vi gjeterar, mjølka, laga ost og smør, stelte dyra (kyr, kalvar, hestar og grisar). Rideturar vart det, noko som både hestane og elevane storkosa seg med. Det vart også tid til fiske. Og nå har vi ein god del fin fjellaure i frysaren som vi skal lage nydeleg mat av seinare.

 

Padletur på Sønstevann

Uteliv er fantastisk triveleg og ein 3 dagars padletur med sol, varme og fokus på campliv var heilt topp. Vi padla ikkje så langt, men brukte heller god tid til livet i leiren med å gjere det komfertabelt og ikkje minst lage god mat.

 

Økologisk

I Seljord har vi ein økologisk hage midt i sentrum der det blir dyrka mange ulike typer grønsaker, bærbuskar, frukttre, rotvekstar og ulike blomar. Vi har hatt fleire økter i hagen og lært mykje om økologisk drift og ikkje minst høsta av alt det gode. Det var utruleg lærerikt å plukke grønsaker og anna for å ha ingridiensar til suppe som vil laga i hagen – og det var vanvittig godt.

 

Villdyr og husdyr

Høgfjellet har vore tema med overnattingstur kombinert med reinsjakt. I starten av oktober kan været vere litt lunefullt og det fikk vi erfare med litt sol, noko regn og tåke og mykje vind. Likevel var vi heldige og klarte å kome innpå ein reinsflokk og felte ein bukk. Stor stemning med slakting og bæring av kjøt. Stemning vart ikkje mindre på kvelden med indrefile som forrett til middagen. 

Linja fekk også ein heil elg som er blitt partert av elevane. Kjøt er kverna og kjøt er pakka ned i passande stykke og vil bli nydeleg kortreist mat seinare på året. Og sjølvsagt skal elevane sjølv stå for matlaginga – vi gler oss.

Elevane på linja har også ansvar for 2 geiter, 10 høner og 1 hane. Fram til november hadde vi også 4 sauer på beite her. Det er verkeleg triveleg å ha dyr tett ved skulen med bjelleklang, breking frå sauene, mekring frå geitane og sjølvsagt ein hane som er litt sjef.

 

Les også om Natur sin eventyrlige linjetur til Bolivia!

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule