Musikkreisen – på heimebane!

Det er ikkje slik at ein bestandig må reise til fjerne destinasjonar for å få opplevingar og fine reiser. Musikkreisen på Seljord Folkehøgskule skal riktignok utanlands om ikkje lenge, men den siste veka har reisa gått til ein stad like i nærleiken. Seljord ligg i Vest-Telemark. Her er det fantastisk natur, og ein sterk kulturtradisjon. Mange trur kanskje at ein berre finn hardingfele, kveding, folkedans, stabbur og rosemåling på museum, men her i Telemark lever tradisjonane i beste velgåande.

Musikkreisen har vore på hyttetur på Rauland. Me hadde med oss instrumenta våre. Me har hatt samspeløvingar, musikkteori m.m. – same undervisning som heime, berre at me flytta klasserommet til Rauland. I løpet av skuleåret skal elevane på Musikkreisen dessutan produsere nokre filmar frå ulike reiser, og den fyrste filmoppgåva fekk dei på Rauland. Elevane tok med seg mobilar og kamera, og nytta seg av den vakre naturen,. Resultata ser ut til å bli høgst ulike.

Spille bass

Me besøkte også Raulandsakademiet – der ei avdeling av Universitetet i sørøst-Norge held til. Her har dei fokus på tradisjonskunst. Musikkreisen møtte andreårselevane på folkemusikk, og fekk ei orientering om kva ein kan studere på Rauland. Deretter var det undervisning i dansen «gangar», som er ein tradisjonell dans i 2/4-dels takt. Det var litt vanskeleg, litt lett – og veldig artig!

På kvelden var det duka for ein fenomenal konsert på Folkemusikkscena, med ein duo frå Storbrittania. Duoen består av Tom Oakes og Ross Couper på fele og gitar/fløyte. Det var instrumentalmusikk med mange fortendelar, og stemninga var i taket. Tørrvittige britiske vitsar mellom innslaga la heller ingen dempar på humøret i salen.

Etter konserten var det folkemusikkpub, og Musikkreisen fekk testa ut dansemoovsa sine i praksis.

Utover hausten ventar m.a. huskonsertar, Høgskulefest og Nepaltur for Musikkreisen. Dette er artig!

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule