Musikk – Backpacker (Musikkreisen) med et fyldig reisebrev fra Nepal

Musikkreisen heter fra nå av Musikk – Backpacker. Her kommer en reiseskildring fra fantastiske Nepal: “Ein må nesten klype seg sjølv i armen for å kjenne om det faktisk er sant: Ser eg dette? Er eg her? Og det er faktisk heilt sant: Her, i ein liten landsby i Nepal, sit me og ser utover bratte terrassejorde med ris og korn, skogkledde åsar og snødekte fjell med toppar opp i 8000 meters høgde. Ein hane set i gang med si daglege morgonrutine, og ein flokk knallgrøne papegøyer susar forbi. Nedi skråninga kjem nokon bærande på fór til dyra, og ein flokk ungar ropar glade og fornøgde «Namaste!», der dei trippar forbi på veg til skulen.Musikk – Backpacker frå Seljord Folkehøgskule er på linjetur i Nepal.”

Målet for reisa er å lære om kultur, tradisjon og levesett. Opplegget er utforma i samarbeid med våre mangeårige partnarar i CWIN Nepal. Elevane skal få ei reise, som ein ikkje har sjans til å planlegge på eigahand. Dette har me fått til, og opplevingane står i kø.

14.november landa me i Kathmandu. Utanfor flyplassen venta ein buss på oss, som skulle køyre oss til hotellet. På ein heilt vanleg onsdag landa me i ei heilt anna verd. Me deisa ned i ein kultur, som er så fjern frå vår eigen som det vel går an å kome. Kaos, tut og kjør, ku i gata, folk over alt, feil køyreretning og hindutempel på gatehjørna. Det er ei oppleving å berre sjå det. Men etter kvart som ein lærer litt, og venner seg til litt, så innser ein at me kanskje ikkje er så ulike likevel…

Allereie neste morgon gjekk turen vidare, for me skal vere meir enn nok i Kathmandu seinare. Ein 7 timar lang køyretur til Nepals nest største by, Pokhara, sto på planen. Smale og kronglete vegar, fargerike lastebilar med tuter som hadde utkonkurrert samtlege russebussar i Oslo, og bussjåførar som køyrer som om dei er med i eit rally. «Bistare bistare», «sakte sakte» er det evige mantraet frå folkehøgskulelæraren i forsetet, som prøvar å ha eit visst fokus på sikkerhet midt oppi det heile.

Og rundt oss er det storslått natur og kvardagsliv. Folk som vaskar klede i elva, og folk som drikk te og skravlar.Pokhara er på mange måtar annleis enn Kathmandu. Her er ein innsjø, og byen er eit populært turistmål for både utlendingar og lokale. Men heller ikkje her skulle me bli verande lenger enn éi natt, for målet var ein landsby på ein åsrygg eit godt stykke utanfor Pokhara: Dhampus.

Me svinga av hovudvegen. Ein kronglete, bratt og humpete grusveg tok oss lenger og lenger bort frå bylivet. Og kvar gong ein tenkjer at det ikkje går an å køyre lenger – så køyrer me lenger. Heilt til bilen stoppar, og den tidlegare nemnde folkehøgskulelæraren seier «her skal me av». «Her..?», tenkte kanskje fleire av elevane. No venta ein fottur opp gjennom skogen på stiar og i trapper av naturstein.

Fyrste stopp var på ein plass som heiter Australian Camp. Denne plassen ligg på over 2000 meters høgde. Her skulle me ete lunsj: Dal bhat. Dette er det Nepalarane et kvar dag – to gonger om dagen. Det er ris med ein slags linsesaus og grønnsaker. Av og til får ein kylling eller fisk inntil, men ofte er det vegansk. Det er mat som er lett å like. Det er ganske enkelt, og for oss nordmenn er det vel ikkje feil å sei at det smakar likt kvar gong. Elevane skulle etter kvart få god kjennskap til dal bhat…

Frå Australian Camp gjekk turen vidare ned til Dhampus, som skulle vere vår heim dei neste dagane. Me sjekka inn på Dhampus Holiday Home & Restaurant. Her hadde me alt me trong: Seng, dusj (av og til), vennleg personal og fantastisk utsikt! Den fyrste morgonen var elevane oppe kl 05:45 for å sjå soloppgangen på nokre av verdas høgaste fjell. Det er ikkje ofte det er så klar sikt, som det var denne dagen. Og i det verda snudde vår side av kloden mot sola, og enno ein heilt vanleg dag vakna til liv i denne fjellandsbyen ved foten av Himalaya, var det at ein måtte klype seg i armen for å kjenne at det var sant. Her var me!

I november har risen spira og grodd i 5-6 månader, og er klar for innhausting. Fyrste prosjekt i Dhampus var «A day in a life». Korleis er ein heilt vanleg dag i liva til dei som bur her? Musikk – Backpacker var så heldige å få vere med ein risbonde på jobb denne dagen. Risen var allereie skjært ned, men riskorna måtte skiljast frå stråa. Dette blir gjort ved å slå stråa mot ein stein. Etter kvart dett mesteparten risen av. Elevane tok bunke etter bunke med risstrå, og hamra laus. «Rambro tsa!», «veldig bra!», jubla risbonden og kona, som syntes at «hjelpa» frå norske ungdomar var like stas som det var for oss å få lov til å vere med. Men uansett kor hard ein slår og kor godt ein ristar, så vil det alltid vere nokre riskorn att på stråa.

Dei ferdigbanka risstråa blir då lagt rundt ein staur, der tre oksar er tjora fast. Oksane blir gjeta rundt og rundt, og tråkkar av dei gjenverande riskorna. Kven visste vel det? Midt i ei skråning innunder Anapurnafjella var det denne dagen ei gruppe norske ungdommar frå Seljord Folkehøgskule, som deltok i rishaustinga. Eineståande!

Nepalarane er gjestfrie. Då me var ferdige med dagens arbeid vart me invitert på te heime hjå bonden og kona. Me satt på trappa til det vesle huset, der tekanna koka på bålet inne i stova. Rundt husa hadde dei salat, chilli, bønner, erter og andre nyttevekster. I stallen hadde dei eit par bøflar, og ein liten katt var veldig interessert i å prate med dei norske gjestene. Bondens gamle mor var også heime. Ho bar preg av eit langt og strevsomt liv med hardt fysisk arbeid. Ryggen var krokete, og i andletet teikna rynkene historia om eit heilt liv. Ho var blid som ei sol, og måtte sjølv sjå kvart einaste bilete som vart tatt av ho. «You are so beautiful!», sa eleven Luca. Om ho sjølv var einig i det eller ikkje var ikkje så lett å forstå. Men Luca hadde heilt rett – ho var verkeleg vakker.

Neste dag var det planlagt eit kulturprogram med lokalbefolkinga på kvelden, så Musikk – Backpacker måtte øve. Med litt dal bhat i kroppen var energien raskt på topp, og førebuingar til neste dag gjekk som ein leik.Me skulle besøke ein barneskule ca ein times gåtur frå hotellet. Me gjekk gjennom ein fantastisk natur og kulturlandskap. Dette er skulevegen for ungane her. Og då me kom fram til skulen sto spente ungar i døropningane, og klarte nesten ikkje å vente på å helse på desse raringane frå andre sida av kloden. Men fyrst måtte me bli tatt i mot av rektor og hans personal.«Er ikke rektoren risbonden fra i går?». Nei, men det var broren. Og han hadde fått fullt referat frå arbeidsdagen på jordet. No gleda han seg til at me skulle møte elevane på skulen, og ha aktivitet med dei.

Etter ein velkomstseremoni med blomsterkransar og taler kunne aktivitetane starte. Me song og dansa boogie boogie boogie, hi-ha-ho og andre leikar, og det tok ikkje lang tid før alle ungane stemte iherdig med på «jeg gikk en tur på stien». Det var eit fantastisk og rørande møte mellom dei små ungane og elevane frå Musikk – Backpacker. Språk var ingen hinder, for her handla det berre om å vere saman og ha det moro. Same kveld fortalde rektoren at ungane var i ekstase etter besøket, og håpa inderleg at me ville kome igjen. Og Seljord folkehøgskule kjem tilbake neste år.

Fotturen tilbake til hotellet gjekk gjennom tuna til folk, som var i gang med sine daglege gjeremål. Nysgjerrig lyfta dei blikket då me kom gåande, og helsa venleg «Namasté» før dei gjekk tilbake til sitt.

På kvelden var det duka for kulturkveld. Ei lokal gruppe med mødre, mothers group, kom på besøk og dansa for oss. I sine fantastiske og fargerike drakter framførte dei den eine dansen etter den andre til stor begeistring for oss. Eit verkeleg eksklusivt og autentisk kulturmøte! Elevane frå Musikk – Backpacker framførte nokre songar, og etterpå var det felles dans med alle. Risbonden og rektoren var også der, samt andre folk me møtte på vegen.

Me hadde ikkje fått til eit ekslusivt opplegg som dette utan lokale samarbeidspartnarar. Etter mange års prosjektarbeid i Nepal har Seljord Folkehøgskule mange kontaktar.

Den tidlegare nemnde folkehøgskulelæraren vil avslutningsvis takke sine eineståande elevar for reisa så langt. Elevane har vore positive, nysgjerrige og lystne på å lære. Det er eit stort privilegium å få ta del i denne reise for elevane – ei reise i vid forstand. Takk!

I skrivande stund er me tilbake i Pokhara. No skal me oppleve litt av det som er her, før me vender oss mot Kathmandu der me møter solidaritetsgruppa frå Seljord Folkehøgskule. Denne reisa er langt frå over!

Følg med i sosiale medier og på heimesida. Etter kvart vil det kome fleire innlegg frå Musikk – Backpacker si reise i Nepal!

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule