Musikk/Backpackers allsidige kvardag leverar!

5 oktober 2021

Bli den beste versjonen av deg selv!

Musikk/Backpacker er ei av landets mest allsidige musikklinjer på folkehøgskule, og dette skuleåret er ingen unntak. Elevane er godt i gang med samspel, studio, låtskriving og filmprosjekt.

Forrige veke var linja på hyttetur i Larvik, der linjelærar Kjetil har ei lita hytte. Hovudmålet for turen var å bli betre kjent, og målet vart innfridd – med renter.
Me hadde fine dagar ved Vestfoldskysten, med turar, songskriving i fjæra, filming til filmprosjekt og mykje anna.

Det største var nok likevel kjensla av å kunne dra på konsert att, etter ein langvarig konserttørke som fylgje av pandemien. Onsdagskveld sto Frida Ånnevik på scena i Hjertnes kulturhus i Sandefjord, og Musikk/Backpacker satt sentralt plassert midt i lokalet. Frida Ånnevik og musikarane leverte frå fyrste strofe, og for publikum var det berre å sette seg godt til rette og ta i mot. Ei opplyft Musikk/Backpacker-klasse satt igjen i salen etter konserten for å helse på musikarane og artisten. Då blei det nerding om gitarpedalar, og eit par artige (og småkleine) historier frå den eine og den andre.


Det var faktisk så fantastisk å dra på konsert, så då læraren neste dag i ei bisetning fortalde at Stian Carstensen skulle ha konsert i Sandefjord kirke – så ville elevane dit også. Billettar vart bestilt, og me fekk oppleve musikkglede og teknisk overskot til fingerspissane.
No er me tilbake på Seljord Folkehøgskule, og jobbar med filmprosjekt, i studio og med samspel. På blokka står konsertar, høgskulefest og anna, så her er det berre å stå på! Og snart blir det offentleggjort kva for land som er raude og ikkje, så plutseleg må me byrje å tenke på opplegg lenger borte også.
Så ja; me har verkeleg ein allsidig kvardag!

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts