MUSIKK/BACKPACKER SIN LINJETUR TIL OMAN

3 april 2022

Bli den beste versjonen av deg selv!

Dagane er fulle på Musikk/Backpacker, og det kan nesten kjennest som ei evigheit sidan me var på linjetur til Oman. Men det er ikkje lenger sidan enn at me hadde bikka mars på kalenderen då me returnerte til Noreg.

«Oman?» – tenkjer du kanskje. Ja, det ligg heilt søraust på den arabiske halvøya. På tåspissen, om du vil. Eit fredeleg sultanat med mykje flott natur og historie, og med sin eigen versjon av islam.

Me landa i eit velfungerande land, der veg og infrastruktur heilt tydeleg har vore prioritert. Sidan 1970 har landet gjennomgått ein omfattande moderniseringsprosess, og det før heilt lukka landet er no opent og lett tilgjengeleg for alle. Folk er hyggelege og imøtekomande, og sikkerheita er god. På dag éin forstod me at me måtte ha bil for å få mest mogleg ut av turen, og me leigde oss ein råflott LandCruiser med V8-motor og høg bakkeklaring. Slikt kan ein fort bli vant til…For å forsikre oss om at ingen av turdeltakarane hadde korona la me inn nokre dagar i hovudstaden Muscat i starten. Her sjekka me ut byen, åt god mat og ordna naudsynte ting.

Etter to-tre dagar såg me at både formen og humøret var på topp hjå alle, så då pakka med den råtøffe bilen for å dra på roadtrip. Me køyrde gjennom golde fjellandskap, landsbyar og byar. Sensasjonen over å sjå ein dromedar sank i takt med tida me køyrde, og i bilen var det vekselvis godmusikk og meir eller mindre bra billeikar. Me opplevde fjell, ruinbyar, gamle fort og hav. Oman byr på fantastisk natur. Det mest fantastiske er kanskje nokre av elvene, som ein kan bade i. I krystallklårt vatn, som held langt over 20 grader, kan ein symje i steikande sol mellom himmelhøge fjell. Det er ei oppleving, rett og slett.

Musikk var det påfallande lite av rundt omkring. Det var også ei slags oppleving. Oman har eit fint operahus, men der var det ingen konsertar då det passa for oss. Konsertar elles klarte me ikkje å google oss fram til. Me spurde fleire, men fekk ikkje noko godt svar. Det ser ut til at konsert ikkje er ei greie i Oman. Men om det er på grunn av pandemien eller om det rett og slett ikkje er kultur for dette veit me ikkje. Men vegar har dei mange av, så me mistenkjer at den eineveldige sultanen har vurdert at infrastruktur er viktigare enn musikk. Han om det i så fall.

Saman kom me fram til ein innhaldsrik og fin tur. Oman er verkeleg eit land å besøke. Men det høyrer med til historia at me nok synast at haldninga til framandarbeidarar er heller tvilsam – noko ein ser i fleire av landa i regionen. Sjølv om praksisen ikkje er fullt så utbreitt i Oman som i t.d. Quatar og Emiratane, så er det likevel problematisk jamfør vårt menneskesyn.

No rasar Musikk/Backpacker vidare med nye prosjekt. Fredag 1.april held me solidaritetskonsert for Ukraina på Seljord Folkehøgskule. Med musikk og god stemning skal me samlast i håp og tru på framtida!Det er ledige plassar på linja for neste skuleår. Gå inn på www.seljord.fhs.no/musikkbackpacker for å lesa meir om linja, og ta kontakt med oss om du har spørsmål!

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts