Musikk/Backpacker – frå det eine til det andre

21 november 2021

Bli den beste versjonen av deg selv!

«Musikk/Backpacker er en av Norges mest allsidige musikklinjer», står det i beskrivinga av linja, og i dei fyrste månadane av skuleåret har innhaldet levd opp til det. Det har vore mykje fokus på musikk, for årets elevar er ein musikkglad gjeng, som verkeleg går i djubda i faget. I vårt snart ferdigoppussa musikkrom går dagane til samspel i store og små grupper, og elevane har allereie opptrådt ved fleire høve. Me har vore på hyttetur, jobba i studio, hatt musikkteori og vert på turar.

For eit par veker sidan hadde me huskonsert på Seljord Folkehøgskule. Der opptrådte valfaga Dans og Huskonsert, før Musikk/Backpacker hadde si eiga avdeling til slutt. Stemninga sto i taket frå fyrste tone, og erfaringa gav boost til å stå på vidare!

Etter den nokså intense øveperioden fram mot huskonserten drog Musikk/Backpacker på tur til Danmark saman med Backpacker Multisport. På reisa besøkte me konservatoriet i Århus, og fekk vite kva ein kan studere der. Me blei dessutan invitert til konsert same kveld – noko som fleire frå Multisport Backpacker slang seg med på. Det må ha vore artig for studentane ved konservatoriet at det dukka opp så mange publikumarar på denne heilt vanlege måndagskvelden. Det var i alle fall artig for oss. I eit noko smitteherja Danmark gjekk turen vidare, og då var det litt anna enn musikk som sto på programmet: Mosegaard Museum, der dei hadde ei flott utstilling om menneske og liv opp gjennom tidene, buldring og paddle tennis, før turen gjekk til nordvestkysten, der dei som ville var på surfekurs. Turen baud på noko for einkvar smak, og det var ein fornøgd og opplada gjeng som satte kursen heimover på torsdag.

Fredag var det rigging og lydprøver i gymsal, for på laurdag var det Høgskulefest. Då blir familie, kjærastar o.l. invitert til skulen. Musikk/Backpacker spelte to konsertar på dagtid til stor begeistring frå publikum. «Viss ikkje foreldra dykkar var stolte no, så skjønar eg ingenting», kunne ein fornøgd linjelærar meddele elevane etter seansen. På kvelden var gjengen igjen på scena i bunad og dress, og spelte for 250 publikumarar.

Eit friår på folkehøgskule betyr altså ikkje eit år fri, men eit friår til å verkeleg kunne halde på med det ein synast er moro. Og elevane på Musikk/Backpacker høyrer til blant kategorien folk som synast at det er ganske mykje som er moro! No er det fullt fokus på jubileumskonsert, som er om litt over to veker. Då skal me feire at Seljord Folkehøgskule er 50 år i år. Etter det er det julekonsert, og i januar dreg me på linjetur til Nepal. Då skal me oppleve kultur og natur i eit heilt anna land, og me skal lære om og jobbe med skulens solidaritetsprosjekt. Vidare er vårsemesteret proppa med store og små prosjekt, så me kan nok stå inne for påstanden om at det er ei av landets mest allsidige musikklinjer!

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts