«LYTT TIL NATURENS STEMME»

31 januar 2021

Naturlinja har vore 3 dagar på Langedrag Naturpark med eit yrande dyreliv rundt seg. Plassen er unik og samspillet mellom dyra og menneska er heilt spesiell. Å få lære og sjå korleis ville og tamme dyr kommuniserer seg imellom er utruleg.

Sterkaste inntrykket var nok å få ulvane få meter frå oss og sjå korleis dei heile tida vurderte og tolka korleis vi oppførte oss. Speisielt var det også når vi gjekk ein tur inne i gaupehegnet og 9 gauper tok følge med oss.
Det som imponerer mest er den roen og samhaldet det er mellom dyr og menneske. Mennesket er sjefen, men du verda for ein respekt dei har til dyra.

Langedrag Naturpark er særs opptatt at vi må lære av naturen og mottoet dei har «Lytt til naturens stemme» er enkelt, men samtidig vanskeleg. Alt vi lærer og diskuterer om bærekraft, klimamål, globalvettreglar osv kan enkelt oppsummerast i – LYTT TIL NATURENS STEMME – genialt.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts