Kortreist musikk

29 januar 2018

For mange av elevane var dette den fyrste «ordentlege jazzkonserten» dei har vore på, som dei sjølve uttrykte det. Og det gav tydeleg meirsmak: Come Shine heldt eit fyrverkeri av ein konsert, der publikum gjekk frå måpande imponert over virtuose musikarar, til tårer i augenkroken når musikken var vàr og forsiktig. Konserten inneheldt også ei overraskande gjesteopptreding av den legendariske lyrikaren Jan Erik Vold, som undra seg over kva sorg er.

Det er intet mindre enn fantastisk å ha tilgang på slike arenaer i nærmiljøet, og alt ligg til rette for at Seljord Folkehøgskule kan nytte seg av dette. Neste veke får alle elevar tilbodet om å reise på Riksteaterets framsyning «En mann med navn Ove», med Sven Nordin i hovudrolla. På onsdag får folkehøgskulen besøk av folkemusikkgruppa «Mir». Tilboda er mangfaldige, og eit år på Seljord Folkehøgskule gjev deg sjansen til å utforske nye ting, som du kanskje ikkje visste at du likte – og det på mange område! Søk i dag!

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts