I nærkontakt med dyr!

6 februar 2019


Tett på dyr inne og ute.

Naturlinja har hatt nokre fantastiske dagar tett på dyr og folk på Langedrag. Fjellreven får mat av handa di, går på ryggen din, reinen skubber borti deg, gaupene stryk deg nesten på leggen som ein katt, ulvane slår seg ned fem skritt frå deg, elgen tek gulrotbiten frå handa di, kaniner hoppar mellom beina på kyr og hestar.

Kommunikasjon mellom dyr og mennesker

Ja, det er som ein skulle ha vore i ei miniatyrutgåve av Noas Ark. Det er utruleg mange slags dyr samla her. Det som imponerer mest er den roen og samhaldet det er mellom dyr og menneske. Mennesket er sjefen, men du verda for ein respekt dei har til dyra. Fasinerande å høyre Tuva Thorson fortelje korleis ulvane kommuniserer seg imellom og eit språk ho har lært seg. 

«Lytt til naturens stemme»

Ein gjer seg ein del tankar etter å ha besøkt Langedrag Naturpark. Ikkje minst seier mottoet til plassen «Lytt til naturens stemme» noko særs viktig og vi har utruleg mykje å lære av naturen.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts