Som elev skal du vise respekt og omtanke for dei andre på skulen, andre sine eigedelar og for skulen sitt nærmiljø. Det har svært mykje å sei for skulemiljøet at det er rusfritt. Rus går ikkje overeins med den openheit og tillit skulen er avhengig av for å skape eit godt miljø som ivaretek skulen sine kjerneverdiar om likeverd, friheit, engasjement og tryggleik. Formålet med reglementet er å fremme gode arbeidsvanar, god orden og eit godt sosialt miljø. Dette skal bidra til godt samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Reglementet gjeld for Seljord folkehøgskule sine elevar, ved aktivitetar i skulen sin regi, og under alle turar i inn- og utland.
Elevane må i starten av skuleåret skrive under på at dei forstår og tek ansvar for å følge skulen sine reglar.