Fantastiske vinterforhold for Natur!

20 januar 2019

Måneskinnstur på ski i januar

Sist uke var det linjeuke ved Seljord Folkehøgskule og Naturlinja fikk 5 flotte dager med ski og vinterliv ute.

Dette er kva linjelærar Kolbjørn fortel:
I Seljord som så mange andre plassar i Sør-Noreg er det lite snø, men vi fekk maks utbytte på Gautefallheia. Det var ikkje meir enn 15 cm med snø, men topp forhold. Nydeleg vær, 4-5 minusgrader, måneskinn og fantastisk soloppgang ga ei perfekt ramme for dei aktivitetane vi hadde.
Sidan det var første turen med ski på beina var det rolege turar med mykje kos og god stemning. Vi hadde ei hytte som base, men hadde også ein liten 2 dagers ekspedisjon med pulk og overnatting i telt. Fint å få trent skigåing med pulk til skitur på Hardangervidda seinare i vinter. Ein «snill» topptur rakk vi også og fikk sett det meste av Telemark.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts