Er du vår nye rektor?

Seljord folkehøgskule søker ny rektor fra 1. august 2019.

Seljord Folkehøgskule ligg i hjartet av Telemark og har eit mangfaldig tilbod med sju linjer som spenner over friluftslivsfag, handverk, musikkteater og musiske fag. Skulen har over 90 elevar med ein gjennomsnittsalder på 19 år og aldersgrense på 18 år. Sjå meir om skulen på www.seljord.fhs.no 

I visjonen til Seljord Folkehøgskule heiter det at eleven etter eit år på skulen skal ha utvikla seg både personleg og fagleg og blitt meir merksam og reflektert på verda utanfor seg sjølv. Folkehøgskulane er eit heilskapleg læringsrom der det å leve og lære saman er viktig. Det unike med folkehøgskulen vår er alle dei ulike læringsarenaene: fellesfag, linjefag, valfag, laurdagsseminar, prosjektdagar, studieturar, solidaritetsprosjekt og fellesturar, samt internatlivet. 

På sommartid er skulen mykje brukt som overnattingsstad for større og mindre arrangement – ofte i samband med arrangement og festivalar på Dyrskuplassen. Skulen er også ein aktiv deltakar i kulturliv og idrettsarbeid i bygda. 

Stillinga som rektor blir ledig frå skuleåret 2019/2020 med oppstart 1. august 2019. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Administrativ og pedagogisk leiar for omlag 18 tilsette 
  • Overordna ansvar for økonomistyring og personell 
  • Noko undervisning i fellesfag/valfag 
  • Ivareta forholdet til skulens styringsorgan 
  • Ansvarleg for strategisk planlegging og vidareutvikling av skulen 
  • Ansvarleg for merkevarebygging og marknadsføring 
  • Ansvarleg for skulen sine kurs- og sommardrift 

Seljord Folkehøgskule søker ein sjølvstendig, dynamisk og engasjert person som kan fremje skulen sin eigenart og verdigrunnlag. Stillinga krev ein person med gode evne til kommunikasjon og samarbeid med kollegaer og elevar. 

Stillinga krev leiarerfaring, evne til økonomistyring og relevant formell høgare utdanning. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Personlege eigenskapar er viktige. Skulen har nynorsk som sitt offisielle skriftspråk. 

Løn og arbeidsvilkår er etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Nærmare opplysningar: kontakt rektor Godtfred Særsland (99649283) eller styreleiar Eldbjørg Lognvik (98668055). Søknad med CV sendast elektronisk til: kontor@seljord.fhs.no, innan 20. mai 2019. 

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule