Er du vår nye rektor?

13 januar 2021

Seljord Folkehøgskule ligg i hjartet av Telemark og har eit mangfaldig tilbod med sju linjer som spenner over friluftslivsfag, sportsaktivitetar, handverk, musikkteater og musiske fag. Skulen har omlag 90 elevar med ein gjennomsnittsalder på 19 år, samt 18 tilsette. Sjå meir om skulen på www.seljord.fhs.no

I visjonen til Seljord Folkehøgskule heiter det at eleven etter eit år på skulen skal ha utvikla seg både personleg og fagleg og blitt meir merksam og reflektert på verda utanfor seg sjølv. Folkehøgskulane er eit heilskapleg læringsrom der det å leve og lære saman er viktig. Det unike med folkehøgskulen vår er alle dei ulike læringsarenaene: fellesfag, linjefag, valfag, laurdagsseminar, prosjektdagar, studieturar, solidaritetsprosjekt og fellesturar, samt internatlivet.

På sommartid er skulen mykje brukt som overnattingsstad for større og mindre arrangement – ofte i samband med arrangement og festivalar på Dyrskuplassen. Skulen er også ein aktiv deltakar i kulturliv og idrettsarbeid i bygda.

Stillinga som rektor blir ledig frå 1. august 2021, men tidlegare oppstart kan avtalast om det er mogeleg for søkaren.

Arbeidsoppgåver:

• Administrativ og pedagogisk leiar for omlag 18 tilsette
• Overordna ansvar for økonomistyring og personell
• Noko undervisning i fellesfag/valfag
• Ivareta forholdet til skulens styringsorgan
• Ansvarleg for strategisk planlegging og vidareutvikling av skulen
• Ansvarleg for merkevarebygging og marknadsføring
• Ansvarleg for skulen si sommardrift og kurs

Seljord Folkehøgskule søker ein sjølvstendig, dynamisk og engasjert person som kan fremje skulen sin eigenart og verdigrunnlag. Stillinga krev ein person med gode evne til kommunikasjon og samarbeid med kollegaer og elevar.

Stillinga krev leiarerfaring, evne til økonomistyring og relevant formell høgare utdanning. Gode IT kunnskapar, erfaring innan marknadsføring, og eit hjarte for Folkehøgskulen er ynskjeleg. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Personlege eigenskapar er viktige. Skulen har nynorsk som sitt offisielle skriftspråk.

Løn og arbeidsvilkår er etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Moglegheiter for å leige bustad på skulens område om ynskjeleg.

Nærmare opplysningar: kontakt rektor Mona Verpe (92485698) eller styreleiar Hermund Kristiansen (91591953). Søknad med CV sendast elektronisk til: kontor@seljord.fhs.no, innan 01. feb 2021.

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts