EKSPEDISJON TELEMARK!

4 mai 2021

Bli den beste versjonen av deg selv!

Telemark synte seg frå si beste side, då Musikk/Backpacker var på ei tidagars rundreise i vårt fantastiske fylke. Overskrifta for dagane var; sol, sol, sol, sol… Reisa var lagt opp som ein rebus, som elevane måtte løyse etter kvart. Med hint som «Sovjet 1957» fann elevane vegen til Sputnik, Jomfruland, Mikaels hule, Telemarkskanalen og Gaustatoppen – for å nemne noko. Og reise innehaldt det meste av det som Telemark har å by på, og det er ikkje utan grunn at fylket omtalast som eit «Noreg i miniatyr».

På Jomfruland opplevde me nydelege vårdagar. Me var med på ringmerking av fugl, gjekk på fotturar, og me plukka søppel på stranda. Akkurat det var meir trist enn fint, då me fann heile 13 søppelsekkar med i all hovudsak plast på ei 300 meter lang strekning.

Frå Jomfruland gjekk turen vidare Mikaels hule, og så til Lunde. Der var me på padlekurs, og padla på Telemarkskanalen i t-skjorte. I Lunde dukka Paragliderlinja opp, og dei var med oss på resten av reisa.Vidare bar det til Kviteseid, der klatring i fjellvegg sto på programmet. Alle elevane fekk utfordra fjell(vegg)geita i seg, der dei klamra seg oppover dei stupbratte berga.

Åmdals verk var neste stopp. Her var det gruvedrift frå 1691-1945, og me møtte den engasjerte og sprudlande lokalhistorikaren Unni, som kunne fortelje både om drifta og lokalsamfunnet. Ho hadde jamvel baka kake til gjestene sine, som drog vidare med mykje ny kunnskap i ryggsekken.

Dalen Villmarkssenter, med fotobonden Jostein Hellevik, sto for tur. Han fortalde om korleis han får ville dyr til å gjere ting framfor kamera, og korleis ein kan tenkje for å gjera naturen om til ein arbeidsplass. Til han valfartar hobbyfotografar så vel som verdas beste naturfotografar. BBC og Nrk er faste gjester, men akkurat denne dagen var det Musikk/Backpacker og Paragliding frå Seljord Folkehøgskule, som fekk oppleve Dalen Villmarkssenter. Dagen vart avslutta i badstoga «Soria Moria», som ligg idyllisk til ved vatnet Bandak.

På Vest-Telemark Museum møtte me Tilman, som fortalde om Noregs lengste industrieventyr – brynesteinsbortet på Eidsborg. Me fekk sjå og lære om Eidsborg stavkyrkje, og me fekk sjå det som truleg er verdas eldste ikkje-religiøse trehus; nemleg eit bur, der tømmeret er datert til å ha blitt hogd i 1057! Tilman fortalde engasjert om historie og kultur, og han er fenomenal til å setje lokalhistoria inn i den store samanhengen. Alt heng saman.«Gå inn i holet for å kome på taket». Det førte oss til Gaustabanen, og til Gaustatoppen – Telemarks tak. Etter fleire dagar i t-skjorte venta vinterlege forhold oss på toppen, med minusgrader og 17 sekundmeter i kasta. På Gaustatoppen turisthytte møtte Jorunn oss, og me hadde heile heilagdomen for oss sjølve heile ettermiddagen og kvelden. Solnedgangen i stormen var spektakulær. Soloppgangen kl 05:20 likeså. Etter mørkret hadde senka seg såg me ljoset frå fyrtårnet på Jomfruland, der me hadde vore nokre dagar før. Neste morgon fekk me omvising i dei gamle Nato-anlegga, som er bygd inn i Gaustatoppen, og som også er grunnen til at banen i si tid vart bygd. Vidare bar det til Noregs største stavkyrkje i Heddal, som var siste stopp for vår rundreise.

Ein treng ikkje å snakke ned det å reise langt bort for å snakke opp alt me har her. Men du verda – maken til Telemark skal ein leite lenge etter!

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts