Brevandring og Via Ferrata

23 oktober 2017

Med isøks og stegjern var Ekspedisjonslinja på Folgefonna og fekk prøvd seg på vanskelege isforhold. Mykje snø tidlegare i høst kombinert med mykje regn og så kuldegrader gjorde at breen såg ut som ein skøytebane. Det vart ein god dag med mykje brevandring.

Neste dag skulle vi hatt isklatring nede i sprekkane, men det var ikkje mogeleg. Då er det godt å ha ein plan B og det vart kjempebra. Vi drog til Tyssedal og gjekk ein Via Ferrata der. Enkelt sagt så gjekk vi med ulike typer sikring i hengebratte fjellsider og med mykje luft under oss.

Fantastisk moro.

Les mer om Ekspedisjonslinja:

http://seljord.fhs.no/linjer/ekspedisjon/

Share

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on linkedin

Related Posts