Mye musikk! Høsten med Singer/Songwriter

Vi har en mangfoldig musikkavdeling på Seljord Folkehøgskule. Flere musikklærere og enda fler musikkelever. Aldri en dag uten musikk og musisering. Singer/Songwriter er vår linje for unge låtskrivere. Lærer Kjetil Flatland oppsummerer siste halvår slik:

“Eit fullspekka haustsemester på Singer/Songwriter går mot slutten. Dagane er fyllt med musikk og skriving, i tillegg til alt det andre elevane på linja har gjort. Studieturen til Nashville i november var fantastisk, rett og slett. Der handla det om musikk frå tidleg morgon til seine kveld; konsertar, museumsbesøk, open mic osb.
Elevane på Singer/Songwriter har hatt mykje samspel med elevane på Musikk Band dette semesteret, og resultata er ein fryd å høyre på! Gleda av å høyre på har resten av skulen fått på huskonsertar, elevstevne og høgskulefest.

Midt i det heile er det fokus på skriving og produsering av eige materiale. Singer/Songwriter jobbar no fram mot innspelingar av songane sine i Seljord Folkehøgskule sitt studio, som dei også har fått opplæring i å bruke. På nyåret skal årets linie-CD produserast.
No går vi inn i siste skuleveke før jul. Då skal elevane spela på folkehøgskulen sin årlege julekonsert i Seljord kyrkje.

Med dette kan ein slå fast at eit år på Singer/Songwriter er mangfaldig – og me er berre halvvegs i skuleåret! Enno ventar turné, vårkonsert, fleire huskonsertar, Nepal og mykje meir moro!!”

Singer/Songwriter

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Følg oss på snapchat

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule