Ledig stilling

Det er ledig stilling som kjøkkenmedarbeidar på Seljord Folkehøgskule i 50 % stilling. Vi søker etter deg som ynskjer å vere ein del av eit levande og positivt skulemiljø med fokus på samhald og livsglede. 

 

Seljord Folkehøgskule ønskjer å stå for ein sunn og berekraftig matkultur med bruk av ferske råvarer. Elevane skal ha fire måltid pr. dag gjennom skuleåret. Stillinga som kjøkkenmedarbeidar/kokk er ei spennande utfordring for den rette person som likar å omgås ungdom og å jobbe innanfor eit unikt skulesystem som ofte legg opp til samling og fest, der spennande mat går inn i programmet.

 

Stillingsbeskriving

Stillinga inneber å ta del i den daglege drifta på kjøkkenet og krev høg matkunnskap, fleksibilitet og kreativitet. Stillinga inneber å gå inn i eit arbeidsteam med turnusordning, og å få utvida arbeidsområde til også å gjelde reingjering og klargjering av internat for utleige på sommaren. Tilsetting 1.november 2018, eller så snart som råd.

 

Ansvars- og arbeidsområder

  • Lage mat i samarbeid med andre kokkar og kjøkkenleder
  • Stelle til og førebu måltida
  • Oppvask og reinhald av maskiner og utstyr
  • Reinhald av kjøkken, kjølerom, kjøleskap, lager og matsal
  • Reinhald og klargjering av internata i sommarsesongen

 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå storkjøkken og matlaging, gjerne fagbrev som kokk
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Løysingsorientert, sjølvstendig, engasjert og entusiastisk

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Løn og arbeidsvilkår etter avtale og kvalifikasjonar, og i tråd med skulens tariffavtalar. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

For spørsmål og eventuelt meir utfyllande informasjon, ta kontakt med rektor Godtfred Særsland på tlf. 99649283 (mob) – 35058050 (kontor).

 

Søknadsbrev med CV sendast elektronisk til godtfred.sersland@seljord.fhs.no innan 10. oktober 2018. Oppgje referansar.

Du kommer ikke til å angre!

Følg oss

Følg oss på snapchat

Kontakt

Brith Bø

Brith er vår kontorleder. Ta kontakt med henne om du lurer på noe. 

Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33
3840 Seljord

Tlf:+47 35 05 80 40
E-post: kontor@seljord.fhs.no
Facebook: Seljord folkehøgskule